Froskehopp

Aktivitet

Sjå for deg to raude og to blå froskar som sit på vassliljeblad, med eitt ledig blad mellom seg.

To røde og to blå frosker med en ledig plass mellom seg.

Ein frosk kan hoppe til eit ledig vassliljeblad rett ved sida av, eller hoppe over ein annan frosk til eit ledig vassliljeblad. Kvar frosk kan ikkje hoppe over fleire enn éin annan frosk.

Kan du få dei raude og dei blå froskane til å byte plass?

Nedanfor er eit interaktivt felt som du kan bruke til å utforske korleis froskane kan byte plass.


Kan du få froskane til å byte plass, utan at nokon av dei treng å hoppe bakover?

Beskriv ein metode for å få froskane til å byte plass med det minste moglege talet på hopp.

Undersøk problemstillinga med ulike tal på raude og blå froskar. Systematiser resultata dine, til dømes i ein tabell. Ser du nokre mønster i talet på hopp som trengst? Kan du forklare mønsteret og kvifor det oppstår?

Etter kvart kan du sjå etter mønster i korleis froskane må hoppe for å byte plass med det minste moglege talet på hopp. Ser du nokre mønster i denne sekvensen av hopp? Kan du forklare kvifor slike mønster eventuelt oppstår?

 

Starthjelp

 

Hald orden på talet på hopp rett framover og talet på hopp over ein annan frosk. Korleis kan du gjere det?

Prøv å auke talet på froskar på kvar side med éin om gongen. Kva mønster ser du?

 

Lærarrettleiing

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

I denne aktiviteten må elevane visualisere, arbeide systematisk og utvikle formålstenlege representasjonar. Aktivitetens engasjerande natur oppmodar elevane til å halde ut for å komme til ei løysing. På vegen dit vil dei oppdage mønster, lage hypotesar og sjå strukturar for å kunne forklare mønstera dei oppdagar.

Mogleg tilnærming

De kan starte med ei praktisk tilnærming til problemet. Ein måte å gjere det på, er å plassere fire elevar på fem stolar, der to av elevane har på seg raude hattar eller vestar frå gymsalen (eller noko anna) og to har på seg blå hattar/vestar. Så kan de gjennomføre ein runde med «froskehopp» saman.

Gi klassen tid til å leike med problemet ved å bruke teljebrikker eller det interaktive feltet. Viss elevane bruker teljebrikker, kan det vere nyttig å bruke kopioriginalane i margen til venstre.

Diskuter i plenum og la elevane får dele det dei har oppdaga så langt. Kanskje kan du også demonstrere tre raude og tre blå froskar.

Etter kvart gir du elevane ei ny utfordring:

«Om ei stund kjem eg til å velje eit tal på raude og blå froskar, og utfordre dykk til å få dei til å byte plass med så få hopp som mogleg. I tillegg skal de prøve å føresjå kor mange hopp de treng før de startar.»

Støtt elevane i å lage ei oversikt over resultata dei kjem fram til. Dei kan gjerne lage ein tabell med oversikt over talet på raude froskar, talet på blå froskar, og det minste moglege talet på hopp som trengst for at dei skal byte plass.

Nokre elevar kan også sjå etter mønster i korleis froskane må bevege seg for å byte plass med det minste moglege talet på hopp. Når må ein frosk hoppe rett fram, og når må den hoppe over ein annan frosk?

Sjå etter døme på tydelege forklaringar og registreringsstrategiar medan elevane arbeider.

Her er nokre forslag til korleis elevane kan skriftleggjere hoppene. Støtt også elevane i å skrive opp hoppene på den måten dei synest det er enklast å halde oversikt.

Registrering av hopp.
Registrering med bokstaver.


Samle klassen i plenum for å dele det elevane har funne. Be nokre elevar om å dele det dei har komme fram til, og kva registreringsstrategiar som hjelpte dei.

Til slutt kan de saman bruke det interaktive feltet til å gjennomføre froskehopp med t.d. 7 raude og 7 blå froskar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Korleis veit du om neste trekk er å hoppe over ein frosk, eller å berre hoppe rett fram?
  • Kor mange plassar har froskane flytta seg til slutt?
  • Kor mange hopp vil det bli til saman?
  • Kan du forklare mønstera du ser?

Mogleg støtte

Forenkle problemet ved berre å utforske kor mange hopp som trengst med likt tal på froskar på begge sider. Oppmuntre elevane til å halde orden på talet på hopp.

Mogleg utviding

Utan å sjå på skjermen, teljebrikkene, teikningar og diagram; Kan du skrive ein sekvens av hopp for å få nokon raude og blå froskar til å byte plass?

Ei anna mogleg utviding er å halde talet på blå froskar konstant, og så utforske kva som skjer når du aukar talet på raude froskar.

 

Send inn elevsvar

Til enhver tid vil det være mulig å sende inn løsning på noen av oppgavene på Mattelist.

Elever står fritt til å sende inn egne løsninger, men vi vil også gjerne at lærere sender inn besvarelser fra klassen sin.

Løsningsforslag kan bli publisert på sidene. Det kan være stas for klassen, samtidig som at andre elever og lærere kan bli inspirert.


Her er en liten veiledning:

  • Vi ønsker en løsning, ikke kun et svar.
  • Skriv løsningen slik at andre kan forstå hvordan du har tenkt.
  • Send gjerne bilder av arbeidet ditt.
  • Bruk gjerne illustrasjoner, grafer, tabeller, tegninger eller andre ting som viser hvilke hjelpemidler du har brukt i løsningen.
Løsningsforslag kan bli publisert på sidene!

Ressursen er utviklet av NRICH

8,9